torsdag 26. mai 2011

Bokmelding om Kaninbyen

Romanen ”Kaninbyen” er skreve av den norske forfattaren Arild Rein. Han er frå Stavanger og blei i 2008 kåra av Stavangers befolkning til Stavanger Europeiske Kulturbys forfattar med denne boka. Boka inngår i ein trilogi, Stavangertrilogien, som inneheld bøkene Hundedagene, Grisekoret og Kaninbyen.

Boka blei utgitt av Det Norske Samlaget i år 2004.

Boka handlar om den tidlegare politimannen Jonny Roxman som bur i ei kolonihagehytte i ein kolonihage på Eiganes. Han blei oppsagt som politi etter å ha blitt dømt for hallikverksemd. Jonny lever av å stele og av maten som han dyrkar heime i kolonihagen sin. For å tene inn litt pengar etter at han mista jobben i politiet, skal han selje bakte potetar under Gladmatfestivalen i byen. Jonny innleier også eit romantisk forhold til asiatiske Kim, som vi seinare i boka får vi vite driv med menneskesmugling.
Gjennom boka får vi innblikk i tankane til Jonny om kva han synest om oljebyen Stavanger og synet hans på samfunnet.

Eg synest at det er overdriven mykje banning i boka. Banning skal vere med på å understreke og forsterke eit poeng, men i denne boka blir det brukt så mykje av desse orda at det blir irriterande og ubehageleg å lese. Ved å bruke så mykje banning i ei bok eller i ein tekst generelt, mister orda ein del av krafta si når dei skal understreke eit poeng.

Eg synest boka blei meir interessant å lese på grunn av at handlinga foregikk i Stavanger, kvar eg er godt kjent. Då kunne eg leve meg litt meir inn i boka, og sjå for meg korleis det ser ut rundt der handlinga finner sted. For eksempel stader som Eiganes kolonihage, Atlantic hotell og vågen kor Gladmatfestivalen hender.

Det verka ikkje som om handlinga eigentleg hadde noko poeng. Det såg ut som om forfattaren skreiv ned det han kom på der og då, og ikkje tenkte særleg over det han fekk ned på arket. Handlinga gav ikkje noko særleg meining. Det er ikkje så interessant å lese om ein eks-politimann som går ut og stel og har sex heile tida.
Noko anna eg synest var negativt var at forfattaren ikkje skreiv hermeteikn eller liknande for å vise at det var direkte tale i teksten. Det var forvirrande og ein kunne ikkje alltid vite heilt sikkert om det var noko Jonny tenkte eller om det var noko han sa i direkte tale.

Dette er ikkje ei bok eg ville valt frivillig å lese. Eg synest det var ei dårleg bok på grunn av dårleg handling og innhald. Det er ikkje ei bok eg vil tilrå andre å lese, spesielt ikkje dei som ikkje liker å lese i utgangspunktet. Det einaste eg liker med denne boka var kvar handlinga foregikk, fordi eg kjende igjen stadene. Eg ville gitt boka terningkast 3.

Kjelder;
·      Rein, Arild. 2004. Kaninbyen. Det Norske Samlaget. 
·      Wikipedia, Arild Rein. 2010. Lokalisert 14. April 2011. http://no.wikipedia.org/wiki/Arild_Rein
·      Kaninbyen: dårlig som f …, 2008. Trond Birkedal. Nrk nyheter. http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/rogaland/stavanger2008/1.6220314

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar